Ope informasjonsmøte om Grøn Næringspark Kvinnherad 30. november 18:00-20:00
Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice inviterer til ope informasjonsmøte om Grøn Næringspark Kvinnherad.
Planarbeidet er godt i gong, og Kvinnherad kommune ynskjer å informere om status og den vidare prosessen. I tillegg vil vi presentere oppdaterte skisser og utkast til reguleringsplan, ta opp viktige problemstillingar og det pågåande arbeidet med å få realisert sjølve næringsparken. Husnes Utvikling vil halde innlegg om tilbakemeldingar dei har fått og korleis dette arbeidet kan styrke regionsenteret.
Kvinnherad Næringsservice (KNS) kjem til å presentere arbeidet med å gå frå moglegheitsstudie til realiserbart konsept, sett frå næringslivet sin ståstad. Representantar for biogasselskapet Vireo AS og hydrogenselskapet Hydrogen Solutions AS kjem som døme på to av næringane som er aktuelle for næringsparken. Høgskulen på Vestlandet vil også informere om hydrogen, med særleg fokus på tryggleik.
Etter presentasjonane vert det lagt opp til spørsmål til innleiarane, innspel frå publikum og diskusjon.
OBS! Møtet vert halde fysisk i lokala til Sunde Båtlag, Vågsvegen 6, 5450 Sunde. Det vert enkel matservering.
Vel møtt!