Oversikt over talet på omsorgsdagar ut kalenderåret barnet fyller 12 år:

  • Ein har 20 omsorgsdagar per kalenderår når du ha eitt eller to barn
  • Ein har 30 dagar per kalenderår når du har tre eller fleire barn
  • Når ein har avtale om delt bustad, får ein 20 eller 30 dagar kvar avhengig av kor mange barn ein har
  • Dersom ein er åleine om omsorga, vert talet på dagar dobla

Overføring:

  • Omsorgsdagane ein kan overføre er av dei ekstra dagane ein har fått på grunn av at barnehage eller skule er stengt. Ein kan sjølv velje kor mange av omsorgsdagane ein vil overføre
  • Ein kan overføre til ein anna omsorgsperson når begge har rett til å bruke omsorgsdagar
  • Ein annan omsorgsperson kan vere den andre forelderen, noverande sambuar eller ektefelle

Dersom ein ynskjer å overføre omsorgsdagar på grunn av at barnehage eller skule er stengt må ein ta kontakt med NAV. Her må ein opplyse om at ein ynskjer å overføre omsorgsdagar, namn og fødselsnummer til den du skal overføre til og kor mange dagar ein ynskjer å overføre.

Skjema finn du på NAV.no