Plan- teknikk- og miljøutvalet i Kvinnherad vedtok 15.10.2024, sak 2024/42, at forslag til områderegulering for Sunde tettstad, PlanID 20190004, vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Dette på gjevne vilkår.
Plan-, teknikk- og miljøutvalet ønskjer mellom anna at det skal leggjast til rette for utviding av eksisterande båthamn i Sundsvågen, og at dette vert innarbeida i planforslaget.
Det er føresett oppheving av følgjande planar når reguleringsplanen vert vedteken:
- Sunde sentrum, planID 19840007
- Sunde båtlag, planID 20040014
- Del av 153/9 med fleire, Sunde, planID 20050011
- Del av 153/9 - bustader/leikeområde Brattavegen – Sunde, planID 20120015
Det er føresett oppheving av delar av følgjande planar når reguleringsplanen vert vedteken:
- Del av detaljplanendring 153/346 med fleire - bustader Slettestølen – Sunde, planID 20150005
- Delar av Saghaug, planID 19790003
- Delar av Opsangervågen Industriområde, planID 20060009
Sunde skal vidareutviklast som ein attraktiv tettstad. Kollektivaksar og gang- og sykkelvegnettet skal forbetrast. Ein skal ta vare på og vidareutvikla alle dei særkvalitetar som Sunde har. Uterom og offentleg rom skal ha høg kvalitet.
Sunde har ei rik historie og var ein gong ein svært aktiv tettstad. På 1800-talet var Sunde den mest folkerike staden i Sunnhordland og staden var òg svært aktiv utover på 1900-talet. Staden var eit trafikknutepunkt for båt/ ferjetrafikk i Sunnhordland.
Tettstaden Sunde har i dag få funksjonar utanom det å vere eit bustadområde i nær tilknyting til Husnes regionsenteret.
Ei av hovudutfordringane er å få på plass areal til teknisk infrastruktur med trafikksikring med gang- og sykkelveg, men tilgjenge til sjø for ålmenta er også eit viktig fokus.
Sunde skal i framtida utgjere sin del av ein attraktiv, frisk og grøn kommune.
Kvinnherad kommune er forslagsstillar for planen og plankonsulent er Norconsult Norge AS, AVD Bergen.
Planen er utforma som ei områderegulering, og skal difor legge grunnlag for den vidare planlegginga med å definere dei overordna rammene for Sunde sentrum, med grønstruktur, samferdsle, friluftsområde, offentlege tenester og anna.
Planarbeidet vart lagt fram i planforum første gong 24.09.2019. Det vart halde folkemøte/ideverkstad på Sunde skule 04.06.2019. Oppstart av planarbeidet vart varsla den 27.04.2020, med innspelsfrist 19.06.2020.
Planarbeidet vart lagt fram i planforum 2. gang 04.10.2022.
Kommunen har knytt til seg referansegruppe i arbeidet, og det har vore ein lang prosess fram til endeleg planforslag.
Plandokumenta med vedlegg finn de i planarkivet vårt
Frist for merknadar til planforslaget er minst 6 veker, og vert sett til 20.12.2024.
Merknad skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.
Ta kontakt ved spørsmål: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no