Plan- teknikk- og miljøutvalet i Kvinnherad vedtok 09.06.2020, sak 2020/12, at forslag til detaljregulering for Heradstun omsorg- og bustadsenter, 83/32 m.fl., PlanID er 20190011, vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Gjeldande reguleringsplan for Vangshaugane, planID 19910001, er føresett oppheva.

Det er sett vilkår om at følgjande punkt skal gjennomførast før 2. gongs behandling av planen:

  1. Tema om kapasitet på vatn og overvatn må utgreiast grundigare, særleg med fokus på sløkkjevatn og ekstremnedbør som kjem oftare. VA-rammeplan må eventuelt justerast.
  2. Det skal utarbeidast risiko- og sårbarheitsanalyse for brannberedskap for å identifisere tiltak som ivaretar brannsikkerheita.
  3. Dersom det kjem merknadar til VA-rammeplanen frå Eining for vatn og avløp, eller frå Rosendal og omland vassverk, og som er av ein karakter som tilseier grundigare vurdering, så må rammeplanen ytterlegare justerast.
  4. Føresegna 2.8.3 må justerast slik at ordlyd seier: «I samband med rammesøknad må det sikrast at alle rom med støyfølsamt bruksformål får minst eit vindauge som kan opnast mot stille side».

Kvinnherad kommune er forslagsstillar for planen og plankonsulent er 3RW arkitekter.

Hovudmålet med planen er å legge til rette for nye omsorgsbustader med tenestebase, og eit nytt aktivitetssenter. Dette for å gje funksjonshemma tilbod om eigen bustad og omsorg i tråd med lovpålagte krav. Det er mål om fortetting sentralt i Rosendal, og planområdet er i dag avsett til sentrumsområde i kommuneplanen. I tråd med dette vert området også fortetta med ordinære bustader.

Eksisterande regulerings­plan frå 1991 er gamal og er difor føresett å oppheva.

Det ligg føre ei utfordring knytt til sløkkjevatn og overvatn, og der løysinga er føresett å avklare før 2. gangs behandling av detaljreguleringa.

Oppstart av planarbeidet vart varsla den 10.10.2019, med høyringsfrist 22.11.2019. Det vart 21.01.2020 halde møte med naboar og grunneigarar.

Plandokumenta med vedlegg finn de i planarkivet vårt her: https://webhotel3.gisline.no/Webplan_4617/gl_planarkiv.aspx?planid=20190011

Frist for merknadar til planforslaget er minst 10 veker, og er sett til 07.09.2020.

Eventuell uttale skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Ta kontakt ved spørsmål: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no