I tillegg til ei rekkje råd til tilrådingar, var statsminister Jonas Gahr Støre si klare oppmoding: - Ta vaksinen.

Beredskapsgruppa har jamlege møter og følgjer situasjonen tett.
Dette er tiltak og tilrådingar som er aktuelle for Kvinnherad:

Forskriftsfesta tiltak:

Arrangement og samankomstar

  • Maksimalt 20 personar på privat samankomst i lånte eller leigde lokale
  • Minnestund etter gravferd eller bisetjing kan ha maksimalt 50 personar til stades. Sjølve gravferd/bisetjing er definert som offentleg arrangement med faste tilviste sitjeplassar, eige punkt under
  • 3 x kohortar av 200 personar med to meter avstand mellom kohortane heile tida på offentleg arrangement med faste, tilviste sitjeplassar
  • Maksimalt 50 personar på offentleg arrangement utan faste tilviste sitjeplassar
  • Ved innandørs arrangement skal arrangør vera peika ut, som skal ha oversikt over kven som er til stades, og gjennomføringa skal vera smittevernfagleg forsvarleg
  • Skjenkestopp kl. 24 på arrangement med skjenkeløyve
  • Arrangør skal syta for at alle som er til stades ved innandørs arrangement skal kunna halda minst ein meter avstand til andre som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære. Unntak vert gjort for fleire grupper, mellom anna utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i same kohort i barnehage eller barneskule
  • På arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste sitjeplassar er det tilstrekkeleg avstand om arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på same seterad når dei kjem. Personar i same husstand eller tilsvarande nære kan setja seg saman etter ankomst.

Serveringsstader

  • Påbod om at serveringsstaden skal syta for at alle kan halda ein meter avstand til andre enn husstandsmedlemer eller tilsvarande nære. Det skal vera minst éin meter avstand mellom sitjeplassar når gjestane kjem, likevel slik at personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan setja seg saman.
  • Serveringsstader med skjenkeløyve skal ha sitjeplassar for alle. Unntak ved kulturarrangement på serveringsstaden.
  • Alkohol kan berre verta servert ved bordet.
  • Skjenkestopp kl. 24
  • Serveringsstaden skal registrera kontaktopplysningar til gjester som samtykker til det.

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og anna opplærings- og utdanningsverksemd. Kommunane skal ta i bruk trafikkljosmodellen, med utgangspunkt i grønt nivå. Kommunane kan beslutta å endra nivået. Det kan verta aktuelt å setja alle skular og barnehagar i landet på gult nivå.
  • Fylgjande verksemder skal driva på smittevernfagleg forsvarleg måte: Bibliotek, fornøyelsesparkar, svømmehallar, badeanlegg, spa-anlegg, hotellbasseng, treningssenter, bingohallar, spelehallar, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknader og liknande,
  • Smittevernfagleg forsvarleg drift betyr kvar om å syta for at det er mogleg å halda minst ein meter avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting
  • Med unntak av bibliotek, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrera kontaktopplysningar til dei som samtykker til det.
  • Bransjerettleiaren bør innførast på nytt for mellom anna treningssenter og svømmehallar

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs på stasjonsområde. Påbodet gjeld også for tilsette om det ikkje er tatt i bruk fysiske barrierar.
  • Påbod om bruk av munnbind hjå frisør, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.
  • Tidlegare tilråding om bruk av munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halda avstand gjeld framleis også.

Heimekontor

  • Påbod om at arbeidsgjevar skal leggja til rette for heimekontor der det er mogleg utan at det går ut over tenester det er nødvendig og viktig for verksemda at tilsette er til stades, som til dømes for å ivareta born og sårbare grupper.

Karantene

  • Karanteneplikt for nærkontaktar til stadfesta smitta, der det er mistanke om omikron, vert utvida til å gjelda alle nærkontaktar, ikkje berre husstandsmedlemer og tilsvarande nære.

Råd og tilrådingar:

  • Alle bør halda ein meter avstand til andre enn husstandsmedlemer og tilsvarande nære
  • Tilrådinga gjeld ikkje born i barnehage og barneskule. Det er også unntak for vaksne som jobbar med tenester for born og unge og sårbare grupper.
  • Ein bør ikkje ha meir enn ti gjester heime, utover eigen husstand. Ein gong i jolehøgtida kan ein ha 20 gjester, men det bør då vera ein meter avstand mellom gjestane. Alle bør tenkja over kor mange nærkontaktar ein har samla sett.
  • Born i barnehage og barneskule kan ha besøk frå eiga klasse/kohort, sjølv om det overstig tilrådd tal på gjestar.
  • Reduser talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg.
  • Treff andre utandørs når det er mogleg.
  • Fritidsaktivitetar bør skje ute så langt som mogleg, og garderobar bør vera stengde.
  • Ved organiserte fritidsaktivitetar innandørs er det tilrådd at vaksne over 20 år ikkje er i grupper på meir enn 20 personar. Vidare vert det tilrådd at vaksne held avstand der det er mogleg for å utøva aktiviteten, og at ein held to meter avstand ved intensiv trening.
  • Det er ingen konkrete tilrådingar om avstand og tal på utøvarar når unge under 20 år deltek på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar.

Skule, barnehage og SFO

  • Tilråding om jamleg testing i skular med høgt smittetrykk
  • Ved behov skal trafikkljosmodellen innførast. Utgangspunktet er grønt nivå, men kan endrast lokalt.
  • Det kan arrangerast samankomstar for born i barnehage og barneskule med heile klasser/avdelingar med nødvendig tal vaksne til stades.

Arbeidsliv

  • Tilråding om ein meter avstand og auka bruk av heimekontor
  • Tilråding om bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda avstand, med mindre det er i bruk skiljeveggar eller liknande som barrierar
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføra nødvendige og lovpålagte oppgåver i møte med sårbare grupper og born og unge
  • Det vert tilrådd god ventilasjon og lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er husstandsmedlemer eller tilsvarande nære

Her kan du sjå heile lista regjeringa kom med i gårsdagens pressekonferanse: Nye nasjonale smitteverntiltak