Smittesituasjonen, med nasjonale og lokale regler og forskrifter, gjer at Friluftsrådet Vest nå oppmodar turgåarane til å starte med lokale nærturar og ikkje reise rundt i hele regionen på jakt etter turpoeng. Etter kvart som samfunnet opnar att, blir dette mogleg.

Smittereglane må følgje med på tur, og ikkje minst må det haldast avstand på stiar og ved turmåla.

Fjoråret blei eit rekordår for TellTur, med over 4 000 aktive brukara i vår region. Då koronaen kom, skulle jo alle ut på tur. Vi hadde likevel ikkje trudd at TellTur skulle bli så populært, sidan turane berre kunne registrerast gjennom ein app. Turgåarane tok appen i bruk og registrerte over 100 000 turar til 146 ulike turmål.

Dei nye turmåla i Kvinnherad i år er Sjethaug i Rosendal, og Nautavatnet. Det siste har vore mykje omtala det siste halvåret som ein aktuell stad for den nye dagsturhytta i Kvinnherad.

I 2021 må du også nytte appen Norgeskart friluftsliv for å registrera turar. Også i 2021 er denne gratis. I tillegg heng det postkodar på kvart turmål som du kan nytte for registrering i ettertid.

 

Her er lista over dei 14 Tellturane i Kvinnherad i 2021:

1  Nautavatnet (ny)

2  Sjethaug (ny)

3  Aterstad

4  Ølveshovda

5  Bondhusvatnet

6  Handelandsdalen

7  Borgundnuten

8  Gråskallen

9  Melderskin

10 Ulvanosa

11 Mjelkhaug

12 Ænessetra

13 Mannsvatnet

14 Toftåsen

 

God tur med TellTur! Meir informasjon finner du på www.telltur.no.

Telltur i Kvinnherad er eit samarbeid mellom:

Friluftsrådet vest

Kvinnherad turlag

Kvinnherad kommune