Kvinnherad kommune - Kommunal kompensasjonsordning Covid 19 – runde 3

Gjennom statsbudsjettet 2021 - kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder 553 post 68, har Kvinnherad kommune i høve til Stortinget sitt budsjettvedtak av 18.06.2021, mottatt kr. 1.185.000 til fordeling til lokalt næringsliv. 

Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder. 

Målgruppa er dei som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Det vil bli vektlagt om søker heilt eller delvis fell utanfor øvrige kompensasjonsordningar, om dei har fått støtte frå før og har mista kundegrunnlaget som følge av smitteverntiltak. Dette er særleg aktuelt for bedrifter som i hovudsak rettar seg mot den utanlandske marknaden.

Ordninga omfattar:

  • Nedgang i omsetning i deler av / heile 2020 og 2021.
  • Økte kostnader som følge av smitteverntiltak
  • Faste kostnader og/eller forpliktingar som ikkje er dekka av andre ordningar
  • Dersom det er andre element som de meiner bør med i vurderinga, bør ein utgreie dette.  

Kriteria:

  • Verksemda må ha operativ verksemd i Kvinnherad  kommune
  • Bedrifter utan tilsette kan ikkje søke. Unntak er enkeltpersonføretak og ansvarleg selskap der føretaket si inntekt er minst ein av deltakarane si hovudinntekt
  • Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig stønad». Desse reglane føresett at et over ein treårs periode i sum ikkje er motteke over 200.000 euro (ca NOK 2.000.000,-) i offentleg stønad. Jfr. Retningslinjer for distrikts- og regionalpolitiske virkemidlar.

Endelege kriterier blir fastsett i formannskapsmøte i Kvinnherad kommune 16.september 2021.

For meir informasjon om ordninga sjå og «Tilskuddsbrev fra Kommunal og moderniseringsdepartementet» https://www.regjeringen.no/contentassets/b36aedd2883d4926841fc8f590ec4bae/statsbudsjett-2021-tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonso1421472.pdf

 

 

Vedlegg til søknadsskjema:

  • Ei skildring av bakgrunnen for søknaden som omhandlar kvifor søkar har omsetningssvikt og/eller meirkostnader og ei spesifisering av tapt omsetning og/eller meirkostnader som viser korleis søkar har kome fram til søknadsbeløpet
  • Årsregnskap for 2019 (referanseår) og årsregnskap for 2020 og første halvår 2021

Søknaden er basert på tillit, men stadfesting frå rekneskapsførar/revisor kan bli etterspurd.  

Kostnader som er dekka gjennom andre kompensasjonsordningar støttast ikkje.

Søknad:
Søknad skal registrerast på www.regionalforvaltning.no.

Opprett brukar (dersom du ikkje allereie har brukar-id) og vel «Logg inn». Legg inn «Kvinnherad kommune» i søkefeltet og vel «Kvinnherad kommune – Kommunal kompensasjonsordning – runde 3». Fyll ut søknadsskjema så nøyaktig som mogleg.

Søknadsfrist 30. september 2021 kl. 24.00.

Utbetaling av tilskotet:
Tilskotet vert utbetalt seinast 31. oktober 2021 til kontonummeret som er oppgitt i søknaden.

Kontaktperson i Kvinnherad kommune er

Grete Solheim: grete.solheim@kvinnherad.kommune.no