Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020. Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.    

Søknadsfristen er 15. september.   

Det kan søkjast om:

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
    Arrangement vil seie tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmane, besøkjande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg).
    Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkjande i den gjeldande perioden.
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilkyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.

Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.
(https://lottstift.no/ny-krisepakke-for-frivilligheita-2/)