Kommunestyret har løyvd pengar til ein prøveperiode, der Rødne har fire anløp i veka, frå 2. juli til  og med 28. august. Kommunen betalar 262.020 kr for prøveprosjektet, medan Rødne får billettinntektene.
-Så har vi sjølvsagt mål om få eit varig tilbod, smiler Enstad, som har tenkt å ta båten til Varaldsøy første dagen ho er tilbake etter avvikling av sommarferie.

Alle som er registrerte med bustad og feriebustad på Varaldsøy vil få ein sms om gladmeldinga.

Ruta er som følgjer:

 8Xj DcHhZ 00yoL 4TQAAAABJRU 5ErkJggg==
Utklipp frå Skyss sitt ruteforslag. (Det kan koma * på fredagsanløpet frå Bergen).

Leif Sverre og Hilde snøggbåtavtale.jpg
Varaordførar Leif Sverre Enes og ordførar Hilde Enstad er godt nøgde med snøggbåtavtalen.