Kva er eit Newton-rom?
Newton-konseptet er skapt og eigd av den ideelle stiftinga FIRST Scandinavia. Målet er å gje flest mogleg barn og unge gode oppleving av læring og meistring i naturfag, matematikk og teknologi. Undervisninga er variert og har fokus på praktiske aktivitetar. Gode læringsoppevingar vil vera med på å forma framtida og utvikla lokalsamfunnet. Sidan 2003 har konseptet utvikla seg til å omfatta eit stort nettverk av Newton-rom, Newton-lærarar og ressursar. Dette for at barn og unge, i skule og barnehage, skal få best og størst mogleg læringsutbyte i tråd med læreplanar.
Her kan du lesa meir om konseptet: https://newton.no/