Mot slutten av 2018, bestilte Kvinnherad kommune eit moglegheitsstudie for Mauranger der ein i hovudsak skulle sjå på moglegheitane knytt til bustad og næring for området Sundal - Austrepollen - Nordrepollen. No er rapporten ferdig og er tilgjengeleg for alle som ynskjer å lese litt om moglegheitene i Mauranger. Rapporten er utarbeida av føretaker 3RW arkitekter AS.

Les rapporten her.

Rapportforside.png 

I rapporten er det føreslått element som kommunen vil vurdere å innarbeide i kommuneplanen, både område som kan byggjast ut utan reguleringsplan og nye areal der det vil vere naudsynt med reguleringsplan, samt føresegner og retningsliner.

I tida framover vil det bli opna for innspel til kommuneplanen, og vi oppmodar alle til å koma med innspel til både samfunnsdelen og arealdelen. Funna i rapporten vil bli vurdert og det vil bli gjennomført ei verdi- og konsekvensutgreiing, samt ei risiko- og sårbarheitsanalyse, for dei areala der det er naudsynt.

NyeKvinnherad2050.png