Minner om smittevern
Kvinnherad kommune oppmodar bedrifter om å vera nøye med smittevernreglane, og overhalda desse. I seinare tid har det vist seg at smitten kjem frå gjestearbeidarar frå utlandet, og ein ser i andre kommunar at særskilt brakkebyar med mange tilreisande er utsett. Med von om å liggja i forkant og halda det låge smittetalet nede i kommunen.