Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 varslar Kvinnherad kommune om oppstart av detaljregulering for Lundsbakkane gang- og sykkelveg, 95/3 m.fl., langs fv. 500 i Dimmelsvik.             
PlanID 20200006.
 
Det er føresett å opphevde delar av følgjande 3 planar:
PlanID 19770001 Lundsmarka 2 - Omvikdalen
PlanID 19770003 Fitjaåsen
PlanID 19980002 Dimmelsvik forretningssenter
 
Kommunen har knytt til seg Norconsult AS som konsulent for å hjelpe til med planarbeidet og prosessane.
 
Føremålet
Føremålet er utbetring av køyrevegen og etablering av gang- og sykkelveg over ei strekning på om lag
ein kilometer. Dette mellom Best-stasjonen/Dimmelsvik Auto i nord, og krysset med Åsavegen i sør.
Nye løysingar for vegkryss og avkøyringar vil inngå i detaljreguleringa.
 
Tettstaden Omvikdalen har i dag ikkje fortau eller gang- og sykkelveg på denne strekninga, og strekninga
fungerer som skuleveg for born på Omvikdalen skule. Ny gang- og sykkelveg er eit krav
før det mellom anna kan gjevast byggeløyve til nytt bustadfelt ved Lundsneset.
Ny køyreveg skal tilpassast eksisterande smal bru, medan gang- og sykkelveg vil få ei eiga ny bru. Dagens
vegljosanlegg er vidare planlagt å erstatte med nytt anlegg med jordkabel.
 
 
Planområdet
Planen skal omfatte del av fv. 500 Omvikdalsvegen, og planområdet tek med areal langs sidene av vegen, samt areal ved Vågaberget og Fetvegen. Varslingsområdet er ca. 75 daa.
Kartskissa under viser den maksimale utstrekninga planen kan få.
 
Figur 1: Kartskisse med varslingsgrense
Figur 1: Kartskisse med varslingsgrense
 
I arealdelen til kommuneplanen er dei råka områda viste som bustad, næring, naust, forretning og veg, samt LNFR (landbruk, natur, friluftsliv og reindrift).
 
figur 2: Utsnitt av arealdelen til kommuneplanen med innteikna varslingsgrense
Figur 2: Utsnitt av arealdelen til kommuneplanen med innteikna varslingsgrense
 
 
Om planarbeidet og råka eigedomar 
Detaljreguleringa skal betre trafikksituasjonen og trafikktryggleiken, spesielt for skuleelevar og andre gåande og syklande. I tillegg til utbetringar på køyrevegen og ny gang- og sykkelveg, vil planen vise nye løysingar for vegkryss og avkøyringar.
 
Tiltaka i planen vil ta noko landbruksareal og dessutan kunne gje vesentlege endringar for bustader i Vågaberget, næringsverksemd ved Dimmelsvik Bil AS og gardstunet på eigedom 95/3. 
Eigedomar nedst i Fetvegen og ved snarvegen mellom Fetvegen og Omvikdalsvegen vil også truleg få endringar. 
 
Om konsekvensutgreiing
Trong for konsekvensutgreiing (KU) er vurdert og Kvinnherad kommune har konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra for KU. Vurderinga er gjort etter § 10 i forskrift om konsekvensutgreiing. Viktige tema vil likevel verte utgreidde i planomtale og risiko- og sårbarheitsanalyse.
Dette gjeld konsekvensar for landbruk og risiko for ulukker som følgjer av naturfarar som skred eller flaum.
 
MØTE       
Det vert ope folkemøte 29. oktober 2020 kl. 18.00 på Omvikdalen skule.
Me ynskjer påmelding pga. koronasituasjonen. Dersom det vert for mange påmelde til eit møte, så vil ein vurdere fleire møter.
Påmelding kan sendast til Anne-Lise Næs på e-post: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no
 
Meir informasjon
På kommunen si postliste finn de mellom anna sak 2020/1894, med tinging av oppstartsmøte og planinitiativ, og de finn referat frå oppstartsmøte.
 
Innspel til oppstartsmelding
Innspel skal sendast skriftleg til: Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal,        
 
Frist for innspel er 27.11.2020
 
Vidare saksgang
Etter at fristen for merknader er gått ut, vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter lagt til politisk behandling. Etter fyrste gongs behandling i planutvalet, vert planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då bli høve til å kome med merknader før vidare politisk behandling.
 
Ta kontakt ved spørsmål; anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no