Du søker elektronisk på stillingar i Kvinnherad kommune. Her finn du ei fullstendig oversikt over og kjem inn i vårt system for elektronisk jobbsøking. Treng du hjelp med brukarkonto, sjå nedst på sida.

GÅ TIL LEDIGE STILLINGAR - EASYCRUIT

Tips: Kvinnherad kommune opplever at e-postar sendt frå EasyCruit til einskilde e-postkontoar hamnar i søppelpost/spam. Om du ventar på e-post frå kommunen - sjå i søppelposten om den kan liggja der.

Mauranger - Kvinnherad Turistinformasjon.jpg

Kvinnherad kommune er omgitt av mektige fjell og idyllisk skjergard, og for deg som likar friluftsliv er dette ein god stad å leva. Kommunen byr på eit spanande næringsliv. Kulturlivet er mangfaldig; festivalar med tema innanfor mellom anna kammermusikk, rock, mytologi og fiske. Kvinnherad er eit samfunn med trivelege bygder som gjev gode og trygge oppvekstvilkår. Vi har kring 13 100 fastbuande i kommunen. Husnes er regionssenter med vidaregåande skule og handelssenter. Rosendal er turistbygda med administrasjonssenter og Noregs einaste baroni. Kommunen grensar til Hardanger og ligg i idylliske Sunnhordland, med Haugesund og Bergen som nærmaste byar.

Brukarkonto

Alle som ønsker å søka jobb i Kvinnherad kommune, må gjera dette elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein brukarkonto hos EasyCruit og logge deg inn.

Frå våren 2022 er EasyCruit nytt rekrutteringsverktøy i Kvinnherad kommune. Alle søkjarar, nye og tidlegare søkjarar, må oppretta seg ein brukarkonto på Easycruit.

Slik går du fram

Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord.

Ny brukar
Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.

Treng du hjelp?

Har du spørsmål som gjeld utlyst stilling, ta kontakt med oppgitt kontaktperson i stillingsannonsa. Dersom du treng hjelp med Easycruit, ta kontakt med:

Gunn Hege Nyrud, tlf: 90 77 54 92
Anne Berit Skeie, tlf: 90 20 81 46