Landskapsanalyse for søraustre del av Kvinnherad - 2010
I 2010 var det gjennomført ein overordna landskapsanalyse for søraustre del av Kvinnherad (Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra). Det vart føreteke analyse av landskapsbilete, visuelt sårbare område, område med heilskaplege kulturlandskap og kulturmiljø og område som er viktige for rekreasjon og friluftsliv,
Landskapsanalyse for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy - 2005
I 2005 vart det gjennomført ein overordna landskapsanalyse for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy. Det vart føreteke analyse av landskapsbilete, visuelle, sårbare landskapsområde, område med stor opplevingsverdi og område som er viktige for friluftsliv, rekreasjon og reiseliv.
Landskapsanalyse for Halsnøy, Fjelbergøy og Borgundøy - 2004
I 2004 vart det gjennomført ein overordna landskapsanalyse for Halsnøyområdet. Det vart føreteke analyse av landskapsbilete, visuelt sårbare landskapsområde, område med stor opplevingsverdi og som er viktige for friluftsliv, rekreasjon og reiseliv.
Landskapsanalyse Rosendal og Seimsfoss - 2004
I samband med planlegging av ny utbygging mellom Skeishagen og Seimsfoss, vart det i 2004 bestilt ei overordna landskapsvurdering og strandsoneanalyse for heile Rosendalsområdet.
Landskapsanalyse for Opsangerneset - 2003
i 2003 var det gjennomført ein landskaps - og naturanalyse for delar av Opsangervågen og Opsangerneset.