Kvinnherad kulturstipend vert delt ut til einskildpersonar innan kunstnarisk og kreativt virke. Stipendet skal vere eit verkemiddel for personleg utvikling og kompetanseheving innan søkjaren sitt fag. Det skal stimulera til nyskaping og kreativitet. Stipendet kan nyttast til konkrete tiltak eller utdanning utover grunnutdanning (grunnskule og vidaregåande skule) innan faget. Stipendet kan også nyttast til innkjøp av naudsynt utstyr. Kvinnherad kulturstipend er på 50 000 kroner.
Kvinnherad kulturstipend er eit samarbeid mellom:
- Sparebank 1 - SR Bank
- Sparebanken Vest
- Sunnhordland kraftlag
- Kvinnherad kommune
Njål Thunold Hatteberg er i oppstarsfasen med å starte ein treverkstad i heimbygda, Rosendal. Han ynskjer å bruke stipendet for å få høve til å kome seg inn på marknaden, for å utvikle modellar og prototypar, og slik kunne vise sitt design på ulike møbelmesser nasjonalt og internasjonalt. Samstundes vil han òg gjerne vere med på å lyfte interessa for sløyd blant unge i skulen. Draumen hans er å arbeide i heimbygda si.
Grunngjeving for tildelinga:
Njål Thunold Hatteberg er nyutdanna innan eit kreativt fag, og ynskjer å utvikle seg vidare som møbeldesignar, både innan design, utstillar og produksjon. Det han treng for å utvikla seg vidare er rett utstyr. Han har ambisiøse mål, og det må til for å lukkast i ei såpass spesielt fag. Det er gledeleg å kunne støtta kreativitet og kunst, samstundes som ein leggje til rette for nyskaping innanfor handverkstradisjonar ikkje så mange driv med. Det at ein nyutdanna designar og handverkar ynskjer å etablere seg i kommunen er og viktig.
Kunstnarisk og kreativt virke er noko av det ein ynskjer å støtte opp ved å tildele dette stipendet, og når det gjeld Njål Thunold Hatteberg er nett dette sentralt for tildelinga. Samstundes vil det vere med å stimulera til nyskaping innan handverksarbeid og bidra til at slike tradisjonar vert vidareført i kommunen. Tildelinga i dette tilfellet, er òg ei markering av at kunst og kreativitet femner om mange yrke og utdanningar, og at kultur også femner om handverk og design.
Vi gratulerer Njål Thunold Hatteberg med Kvinnherad kulturstipend for 2020!