Etter uromeldingar frå innbyggjarar har kommunen leigd fagkyndige til å kartleggje søkkehol, erosjon og stabilitet. I samband med dette skal ein geoteknikar orientere kommunen sine folk på ei synfaring onsdag føremiddag.

Det vert såleis nokre «gule jakker og vestar» å sjå i området Tofte – Sæbø denne dagen. Dette vil vere folk frå firmaet Norconsult og kommunalt tilsette frå ulike fagområde. Synfaringa vert halde for å gi kommunen ein førebels melding om situasjonen. Etter dette vil Norconsult gjere klar ein rapport som kommunen skal nytte i sitt vidare arbeid. Til no har det ikkje kome fram opplysningar som tilseier at det er noko akutt rasfare i området, men det vil truleg vere behov for tiltak.
 

Illustrasjon: Kartutsnitt med tidlegare kartlagde kvikkleirsesoner.Kvikkleireområde Tofte.png