For kommunen sin del er det rådhuset som no er sertifisert, og krava er først og framst knytt til systematisk miljøleiing og rutinar for kontinuerleg forbetring. Kommunen oppfyller kriterium innan til dømes innkjøp, forbruksartiklar, helse/miljø/tryggleik, rapporteringsrutinar og kvalitetssystem. Kommuneleiinga legg FN sine berekraftsmål til grunn for verksemda, og det ga ein flygande start miljøsertifiseringa.

Kvinnherad kommune og Stiftinga Folgefonnsenteret har samarbeidd om sertifisering. I bygget til Folgefonnsenteret har begge organisasjonar tenester så det var naturleg å ha ein felles prosess for dette. Berre detaljar står att før også senteret kjem i mål med si sertifisering.

Miljøsertifisering av Kvinnherad kommune er ei viktig brikke i samarbeidet i Sunnhordland slik at regionen offisielt kan kalla seg eit berekraftig reisemål. Dette vil i sin tur gi nye moglegheiter for lokale reiselivsverksemder.