I førre veke fekk kommunen ei uromelding frå ein innbyggjar om eit lite søkkehol i kanten av vegen Nedre Sæbø i bakken ved tidlegare Tofte skule. Kommunen hyrte ein geoteknikar frå Norconsult som var på staden torsdag kveld for å gjere ei førebels vurdering. Tilsette i VA-eininga til kommunen har grundig sjekka leidningsnettet på staden og gjennom helga var dei på staden tre gonger kvart døger for å sjå om det kom endringar i situasjonen.

Måndag føremiddag drøfta kommuneleiinga tiltak i dei to kvikkleireområda med fagfolk i NVE og Norconsult. Fagfolka konkluderte med at det ikkje er særskilt fare knytt til søkkeholet som no vart oppdaga. Kommunen vil saman med Norconsult setja opp eit program for å overvaka situasjonen i tida fram til det vert klart kva langsiktige tiltak som skal gjennomførast.