Gjennom andre halvår 2020 meldte grunneigarar uro over søkkehol og andre observasjonar i kvikkleireområdet på Tofte. Kommunegeologen meldte i januar 2021 dette vidare til NVE, og NVE rådde kommunen til å hyre fagkunnig bistand for å vurdere aktuell fare i området.

I slutten av januar tok Norconsult oppdraget, og dei har no levert rapport frå arbeidet og nokre dokument i tillegg, mellom anna råd for vidare arbeid. Rapporten vert sendt NVE for vurdering. Dokumenta kan lastast ned frå lenkene under.

Kvinnherad kommune vil på kort sikt følgje opp rapportane frå Norconsult slik:

  • Gjennomføre eit overvakingsprogram for søkkehol og sprekkar i terrenget
  • Vurdere tilstanden på overvass-system, drenssystem og vassleidningar
  • Førebu utbetring av vassiget i ravina i vestre del av området

Allereie denne veka har oppmålingsingeniørar frå Avdeling byggesak og geodata byrja målingar av søkkehola i området. Dette vil i første omgang skje to gonger per veke i ein månad, før resultata vert analysert og ein vurderer vidare steg.

Sektor teknikk og miljø vil setje i gang arbeid for å vurdere tilstanden til overvassrøyr, mogleg dreneringssvikt og andre delar av vasshandteringa i området. Kommunen vil ta tak i problemet med overvatn på Nedre Sæbø, og i samarbeid med Vestland fylkeskommune og grunneigar få på plass ei god handtering av dette.

Kontaktperson for denne meldinga: Anbjørn Høivik, sektorleiar samfunnsutvikling