Plankart og føresegner er datert 03.10.2022, og planomtale er datert 04.10.2022.
Gjeldande reguleringsplan for Vangshaugane, planID 19910001, vart samstundes oppheva.

Vedtaket vart gjort på følgjande vilkår:
Støytiltak skal løysast ilag med brukarane og til beste for brukarane.

Kommunestyret si godkjenning kan påklagast til fylkesmannen i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Dette i samsvar med reglane i Forvaltningslova kapittel VI, og jf. Plan- og bygningslova (pbl) § 1-9. 

Klagefristen er i utgangspunktet 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til parten. Sjå elles forvaltningslova § 29. 

Detaljreguleringa vert no bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.

Me viser til grunneigar sin rett til å krev innløysing, jf. pbl § 15-2, samt til pbl § 15-3 om erstatning for tap ved reguleringsplan. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa. 

Vedtak, plankart, planomtale, føresegner, m.m. finn de i kommunen sitt planregister, sjå lenke:
https://www.arealplaner.no/kvinnherad4617/arealplaner/333

Eventuell klage skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal. 

 

Ta kontakt ved spørsmål:

Anne-Lise Næs  Planleggjar på Samfunnsutvikling
Mobil: +47 476 79 967 
E-post: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no