Gjeldande reguleringsplan for Børnes, Uskedalen, planID 19780007, vart samstundes oppheva.

Kommunestyret si godkjenning kan påklagast til fylkesmannen i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Dette i samsvar med reglane i Forvaltningslova kapittel VI, og jf. Plan- og bygningslova (pbl) § 1-9.

Klagefristen er i utgangspunktet 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til parten. Sjå elles forvaltningslova § 29.

Detaljreguleringa vert no bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.

Me viser til grunneigar sin rett til å krev innløysing, jf. pbl § 15-2, samt til pbl § 15-3 om erstatning for tap ved reguleringsplan. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Vedtak, plankart, planomtale, føresegner, m.m. finn de i kommunen sitt planregister, sjå lenke:

https://www.arealplaner.no/4617/arealplaner/328

I planregister finn ein også saksprotokoll frå tidlegare fremja sak i mars 2021. Planforslaget vart den gongen sendt attende til administrasjonen for vidare arbeid.

Eventuell klage skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Ta kontakt ved spørsmål:

 

Rune Tyse Helland | leiar planavdelinga

Mobil: +47 916 57 970

E-post: rune.helland@kvinnherad.kommune.no