Kvinnherad kommunestyre eigengodkjente 23.03.2023 detaljregulering for Fv 5028 Kaldestadvegen trafikksikring, 145/377, 146/97 m. fl. PlanID 20210001.

 

Plankart og føresegner er datert 06.01.2023, og planomtale er datert 21.02.2023. Ny plan erstattar mindre del av PlanID 19740002, Bogsnes og Røssland, Husnes del av gnr. 144-145. Det vart elles gjort vedtak om eit nytt punkt i føresegn § 2.7.4. Sjå vedtak.

Kommunestyret si godkjenning kan påklagast til fylkesmannen i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Dette i samsvar med reglane i Forvaltningslova kapittel VI, og jf. Plan- og bygningslova (pbl) § 1-9. Klagefristen er i utgangspunktet 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til parten. Sjå elles forvaltningslova § 29.

Detaljreguleringa vert no bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet. Me viser til grunneigar sin rett til å krevje innløysing, jf. pbl § 15-2, samt til pbl § 15-3 om erstatning for tap ved reguleringsplan. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Vedtak, plankart, planomtale, føresegner, m.m. finn de i kommunen sitt planregister, sjå lenke: https://www.arealplaner.no/4617/arealplaner/345

Eventuell klage skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

 

Ta kontakt ved spørsmål:

Anne-Lise Næs |  Planleggjar på Samfunnsutvikling
Mobil: +47 476 79 967
E-post: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no