I møte den 24.06.21, utvalssak 2021/40, har kommunestyret i Kvinnherad kommune, i medhold av §12-12 i Plan- og bygningslova godkjent detaljplan for del av 152/1,2 med fleire – Bustadområde Bjelland - Sunde - Planid 20190003.

Behandling i Kommunestyret den 24.06.2021

Forvaltningsutvalet si innstilling vart samrøystes vedteken.

Vedtak

Kvinnherad kommunestyret godkjenner med heimel i plan- og bygningslova §12-12 at forslag til detaljplan for del av 152/1,2 med fleire – Bustadområde Bjelland - Sunde - Planid 20190003, sist revidert den 14.04.21 blir godkjent som den ligg føre.

Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.

Den endeleg reviderte reguleringsplanen er kunngjort på Kvinnherad kommune sine heimesider. Kommunestyret si godkjenning av planen kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland ( jf §1-9 i Plan- og Bygningslova) av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er ca. 3 veker frå denne kunngjeringa (t.o.m. 23.07.21).

Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet. Det blir elles vist til grunneigarens rett til å krev innløysing, jf § 15-2 i Plan- og Bygningslova og erstatning for tap ved reguleringsplan , jf § 15-3 i Plan- og Bygningslova. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Ein kan finner alle dokumenter i saken i postliste til Kvinnherad kommune under: 2019/622 journalpost.: 80.