I møte den 29.04.21, utvalssak 2021/23, har kommunestyret i Kvinnherad kommune, i medhold av §12-12 i Plan- og bygningslova godkjent detaljplan for 226/2 med fleire – Fritidsbustadar og småbåtanlegg Gjerde - Borgundøy – PlanID 20180006.

Behandling i Kommunestyret den 29.04.2021

Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedteken.

Vedtak frå Kommunestyret den 29.04.2021

Kvinnherad kommunestyre godkjenner med heimel i plan- og bygningslova §12-12 at forslag til detaljreguleringsplan for deler av 226/2 m.fl. - Fritidsbustader og småbåtanlegg på Gjerde – Borgundøy – PlanID 20180006, sist revidert den 22.03.21 blir godkjent slik han ligg føre.

Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.

 

Den endeleg reviderte reguleringsplanen er kunngjort på Kvinnherad kommune sine heimesider. Kommunestyret si godkjenning av planen kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland ( jf §1-9 i Plan- og Bygningslova) av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er ca. 3 veker frå denne kunngjeringa (t.o.m. 04.06.21). Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.

Det blir elles vist til grunneigarens rett til å krev innløysing, jf § 15-2 i Plan- og Bygningslova og erstatning for tap ved reguleringsplan , jf § 15-3 i Plan- og Bygningslova. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Ein kan finner alle dokumenter i saken i postliste til Kvinnherad kommune under: 2018/3214 doknr.: 49.