Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre vert alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.

Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er enno usikkerheit knytt til kor raskt vi får vaksine og kan tilby dei til anbefalte grupper. Vi håpar på å starta opp tidlegast i midten av januar.

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle som anbefalast koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa gitt følgjande prioritering, med dei øvste prioriterte først:

  • bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustadar (gjeld eldre bebuarar)
  • eldre over 85 år
  • eldre over 75 år og deretter dei over 65 år
  • personar 18-64 år med éin eller fleire nærare spesifiserte sjukdomar som dei har frå før

Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene, men dette kan endrast om smittepresset aukar, og visst smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

Kommunen vil i første omgang kontakta dei over 85 år, og deretter gå nedover på lista.

Det vil vera to vaksinasjonsstader i kommunen:

  • Kulturhuset på Husnes
  • Rosendal Samfunnshus

Oppmodar om at alle som har moglegheit kjem seg til vaksinasjonsstaden for eiga maskin - dette for å effektivisera massevaksinasjonen.

For meir informasjon om koronavaksinering, sjå Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/kvp