Desse finn du på flyplassar i hamner og på grenseovergangar eller i dei større byane. 
Kvinnherad kommune tilbyr ikkje desse testane gjeldande frå måndag 28.06.21.

Du skal testa deg for korona dersom du har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, hovudverk eller sjukdomskjensle). 
Dette gjeld òg dersom du har fått ein eller to dosar med vaksine. Barn under 12 år med lette symptom, kan sjå an eit par dagar før eventuell testing.  

Spørsmål om testing rettast til koronatelefonen i Kvinnherad:
Tlf.nr: 908 60 166 
Telefonen er open måndag til fredag kl.08.00 - 10.00 og kl.13.00 - 14:30