Smittesituasjonen i kommunen er per dags dato oversiktleg og låg.

Smittetal:

  • veke 50: 11
  • Veke 51: 1  (til no)

Vaksinerte:

  • Dose 1: 10 417
  • Dose 2: 9 567
  • Dose 3: 3 659

Smittetal vert publisert på heimesida kvar måndag med vekeoppsummering, med mindre smittesituasjonen endrar seg veldig.

Kvinnherad følgjer dei nasjonale retningslinjene, og håpar tiltaka og vaksineringa vil bremsa smitteutviklinga.

Hald fram med den gode jobben de gjer:

  • Hald avstand og reduser tal på nærkontaktar
  • Alle som er sjuke må halda seg heime og ha låg terskel for å testa seg
  • Bruk munnbind der ein ikkje kan halda éin meters avstand
  • Ta vaksinen

Korleis gå fram ved positiv test:

  • Dersom hurtigtesten din er positiv melder du frå til kommuneoverlege Glenn A. Opland; 97 70 93 08. Her vil du får råd om kva du skal gjere vidare.
  • Kjenner du deg dårleg og treng legehjelp kontaktar du helsesenter/legevakt. 
  • Har du spørsmål angåande vaksinering, eller andre koronarelaterte spørsmål – send ein e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no  

Kommunen sin koronatelefon 90 86 01 66 er open måndag, tysdag og onsdag frå kl. 10 – 13.