God og oppdatert informasjon finn du òg på nettsida til Folkehelseinstituttet: www.fhi.no
Eventuelt kan du ringa informasjonstelefonen til FHI på 815 55 015.
Er du framleis i tvil om du treng å testa deg kan du rådføra deg med helsepersonell først - ring koronatelefon: 908 60 166. Då reserverer vi tid til deg dersom du bør testast. Ha klart personnummer før du ringer. Det gjeld òg når du ringer på vegner av andre. Om du må venta ei stund før du får svar, er det fordi operatørane er opptatt med andre som ringer.