Trivselsskogen i Sandane, Gloppen. (Foto Morten Wanvik)
Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. I Kvinnherad får 25 % av den vaksne befolkninga invitasjon, om lag 2600 personar. Undersøkinga vil gje Kvinnherad kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.
Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i kommunen, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.
-Ei god folkehelse er eit godt utgangspunkt for eit godt liv. Vi treng både ei god fysisk helse og ei god mental helse. Etter to år med pandemi er det viktig å få oversikt over korleis innbyggjarane våre har det, seier kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.
Kommunedirektøren meiner vi treng å leggja til rette for at kvardagstrimmen får godt fotfeste.
-At kvar og ein av oss brukar kroppen i alle daglege aktivitetar og unngår passivitet. Men vi treng òg sosiale møteplassar for å ivareta heile mennesket. Vi vil skapa gode lokalsamfunn og treng alle sine bidrag for å få dette til. Denne undersøkinga vil gje eit godt bidrag for å få på plass gode tiltak, sluttar Bjerkvik.
Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000. Gåvekorta er gyldig i fem år.
For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå https://vestlandfylke.no/fhus
Kontaktinformasjon: folkehelse@vlfk.no tlf.: 51 20 71 50