Føresegner for bruk av våpenet
Våpenet kan nyttast av Kvinnherad kommune sine folkevalde organ, administrasjon og verksemder under utøving av offentleg mynde.
Kommunalt tilsette skal nytta våpenet (logoen) i samsvar med kommunen si grafiske handbok. Dersom kommunen arbeidar saman med andre aktørar avgjer kommunedirektøren om våpenet skal nyttast knytt til dette samarbeidet. I nokre tilfelle kan kommunedirektøren setta som vilkår at våpenet vert framstilt på ein gitt måte.
Våpenet skal berre nyttast med profilen og fargane som er vedtatt av kommunestyret og godkjent av kongen i statsråd jamfør § 1.
Privat bruk av våpen og flagg som rein dekorasjon eller informasjon, og i media både i trykt og elektronisk form, er generelt tillate.
Ingen andre enn kommunen kan bruka våpenet som sitt eige merke eller for å kjenneteikna seg sjølv eller verksemda si. Private kjenneteikn eller merke må ikkje bli stilt saman med kommunen sitt våpen.
Bruk av kommuneflagget
Kommuneflagget skal heisast ved kommunale bygg som eit offentleg kjenneteikn når kommunestyret har møte, på valdag(ane), på viktige kommunale merkedagar/markeringar og på følgande dagar: 1.nyttårsdag, 6.februar, 1.påskedag, 1.pinsedag, 1.mai, 8.mai, 17.mai, 7.juni og 1.juledag.
Flagget kan berre heisast frå andre flaggstenger dersom det er klart at det er kommunen som opptrer. Kommuneflagget skal heisast og firast etter dei same reglane som gjeld for det norske flagget. Kommunedirektøren har mynde til å avgjera om merkedagane er av ein slik karakter at flagget skal heisast.
Utanfor rådhuset skal kommuneflagget heisast i midtstanga og det norske flagget skal heisast på dei to sidestengene. På samefolkets dag, 6.februar, skal det norske flagget heisast i stanga ut mot hovudvegen, sameflagget på midtstanga og kommuneflagget på stanga nærast inngangen.
Ekstern bruk av våpenet
Bruk av kommunevåpenet i kommersiell samanheng skal berre skje dersom formannskapet har gitt vedkommande løyve til slik bruk.
Våpenet må aldri framstillast av andre slik at det er eigna til å skapa tvil om det er kommunen som er utsendar eller ikkje. Våpenet skal aldri vera i hovudfokus på eit produkt.
At den eksterne bruken kan tenkast å vera til fordel for kommunen, til dømes ved profilering av kommunen som reisemål, skal ikkje vektleggast i vurderinga av om løyve skal bli gitt. Det som skal vurderast er om den omsøkte bruken kan skapa uvisse av om kommunen står bak produktet.
Løyve til bruk skal vera i samsvar med prinsippet om likehandsaming. For å oppretthalda ein konsekvent bruk av våpenet er det difor viktig at løyve til bruk vert grunngitt.
Søknad om løyve til bruk
I søknadar til formannskapet om bruk av kommunevåpenet må søkjar tydeleg synleggjera kva bruk det vert søkt om. Både plasseringa og størrelsen av våpenet, kva andre element som er til stades og omfanget av bruken må stå i søknaden.
Søknadane skal handsamast så snart som råd.
Løyve til bruk
Vedtak om løyve til å nytta våpenet må tydeleg slå fast kva for ein bruk det vert gitt løyve til, omfanget av godkjent bruk og kor lenge løyvet gjeld.
Løyve er fyrst gitt dersom eit fleirtal av formannskapet sine medlemmer stemmer for dette.
Uheimla bruk
Bruk av våpenet i strid med dette reglementet eller utan godkjenning frå formannskapet er straffbart etter straffelova § 165.
Her kan du lesa reglementet som vart vedteke av kommunestyre 15.12.22 i sin heilskap:
Reglement for bruk av Kvinnherad sitt kommunevåpen