Kommunen og Kvinnherad næringsservice inviterer til tilflyttarsamling
Kvinnherad kommune og Kvinnherad næringsservice har invitert til ei samling for dei som har meldt flytting til kommunen siste halvår i 2019 og fram til september 2020. Samlinga er på Kulturhuset onsdag den 4. november kl. 17.00. Invitasjonar er sendt i posten direkte til dei det gjeld. Det er 40 påmelde. Dersom nokon ikkje har motteke invitasjon, ta kontakt snarast. Det vert trekking av kommunen sin tilflyttarpris på kr 10.000!