Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Kjære tilflyttar!

Publisert

Med tungt hjarte må vi utsetje tilflyttarsamlinga. På grunn av auka koronasmitte i samfunnet kring oss vel Kvinnherad kommune no å vere ekstra forsiktig med arrangement. Etter råd frå kommuneoverlegen og dei beredskapsansvarlege i kommunen vert difor tilflyttarsamlinga utsatt til smittesituasjonen i samfunnet kjem på eit lågare nivå. Det vert såleis ikkje til tilflyttarsamling onsdag 4. november.

Vi har gledd oss til å treffe mange nye kvinnheringar. vi håpar du har forståing for situasjonen, og vi håpar du vil vere med oss når vi inviterer til samling seinare! Vi kryssar fingrane og håpar å få det til i løpet av vinteren, og då sender vi invitasjonen på ny.