Kjære kvinnheringar
Ordføraren har bedt om at vi flaggar med Pride-flagget vårt utanfor rådhuset i Rosendal i dag og i morgon. Med denne markeringa vil vi vise vår støtte og sympati med alle som er råka av det grusomme angrepet i Oslo i natt.
Kjærleik er kjærleik og retten til å elske den ein vil er ein menneskerett som vi må slå ring om og stå opp for.
Varme tanker til alle berørte og deira nærmaste. Ta vare på kvarandre og ver rause!
Venleg helsing
Ordførar Hilde Enstad