Ønskjer du nokon å snakke med om jobb eller utdanning? Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne over 19 år.

Hos Karriere Vestland kan du:

  • utforske dine jobb- og utdanningsmoglegheiter
  • finne ut kva som motiverer deg og kva for arbeidsoppgåver du likar og meistrer
  • lære metodar for å gjere gjennomtenkte og bevisste karriereval
  • kartleggje din kompetanse og dine interesser
  • få innspel og informasjon om jobbsøkjarprosessen, CV/søknad og jobbintervju

Les meir på karrierevestland.no