Visste du at:

  • På tross av at gruppa hadde den største nedgangen frå 2020 er det framleis menn over 45 år som er mest utsett i trafikken
  • Av dei som omkom på norske vegar i 2021 var 69 menn og 18 kvinner. Det betyr at 80% av dei drepne var menn og 20% kvinner.
  • Fart, rus, uoppmerksamheit og manglande eigensikring framleis er dei største årsakene til ulykker
  • Alle har eit ansvar for seg sjølv og andre i trafikken. For å oppnå nullvisjonen må alle – fotgjengarar, syklistar og bilførarar bidra
  • Det omkom 87 personar i trafikken i 2021, til samanlikning var det 208 i 2010 og 339 i 2000. På tross av at dette er eit rekordlågt tal er det 87 personar bak statistikken og mange pårørande. 1 tapt liv er eit liv for mykje. Les pressemelding for meir informasjon.
  • Talet på hardt skadde har dessverre ikkje hatt den same nedgangen som for omkomne. Dette viser at fokuset på trafikktryggleik framleis bør vera høgt i stat, fylkeskommune, kommune og hos den enkelte trafikant.