Jula 2022 ligg rett framfor oss og venter på at vi skal ta imot henne og ha gode dagar saman med menneske vi kjenner og folk som betyr noko for oss. Det blir hyggjeleg å kunne feire jul og nyttår utan restriksjonar, utan krav om redusert sosial kontakt og avstand, sjølv til våre nære og kjære. Dette er tiltak som var på kravlista til julefeiringa i fjor.

I år kan vi samlast på den måten vi sjølv ønsker. Slik vi pleier. Nokre skal vere mange samla til høgtida, andre er få. Uansett har mange, inkludert meg sjølv, faste rutinar som vi må gjennom for at akkurat denne jula skal bli den «perfekte» jula. Eg bake pepperkakehus, eller ut i skogen for å finne kongler til juledekorasjonar for at det skal bli jul hos meg. Og så har eg nokre ekstra kjære julesongar som eg spelar om att og om att medan vi pyntar juletreet veslejulaftan.

Lys er viktig for mange på denne tida av året, det kan vi sjå på lysa som dekorerer hus og hagar frå slutten av november og langt ut i januar. Vi treng litt ekstra lys denne tida der vi ser tilbake på året som har gått og alle minner vi har med oss og gjerne kan bli litt melankolske. Då er det fint med ekstra lys både ute og inne, og songar som lyser opp tankane og hjartene våre. Då kan vi tole å hente fram minna om kjære som ikkje er blant oss lenger, i jula kjenner mange ekstra på saknet etter nokon ein har mista, både om det er kort tid sidan eller tilbake i tid.

Invasjonen av Ukraina den 24. februar har prega oss i året som har gått, til og med her i Kvinnherad. Litt over 70 personar har komme til kommunen vår sidan krigen braut ut, vi har lova å ta i mot minst 70 til i året som kjem. Eg vil takke alle kvinnheringar som har stilt opp for å hjelpe. Takk til alle som har meldt om hus, husrom, klede, møblar, dekketøy og alt som trengs for å skape ein heim når ein har vore nøydde til å reise ifrå alt ein eig. Og takk til ukrainarane som sjølve melder seg til innsats for å vere fadder for dei som har komme i haust og dei som kjem over nyttår, den hjelpa er uvurderleg for dei nykomne og gjer integreringa meir smidig for desse.

Neste år er det kommuneval, til hausten skal vi gå til valurnene og velje eit heilt nytt kommunestyre. Vi skal velje folk som lever, bur og jobbar her til å vere dei som skal stå på til det beste for Kvinnherad i fire nye år. Det er ei krevjande oppgåve å ta på seg, men heldigvis har vi menneske i blant oss som har eit brennande ønske om å vere med å bidra til å bygge lokalsamfunnet sitt til å bli stadig litt betre. Mitt ønske er at vi blir flinkare å sette pris på den innsatsen som desse folka legg ned for andre.

Eg håper dei av dykk som har det trongt økonomisk får hjelp med den ekstra pengeløyvinga som formannskapet og stortinget har gitt no i desember slik at de og kan få unne dykk noko ekstra fint eller godt og kjenne på julestemning. Ta i mot den hjelpa som de kan få. Eg vil at de tar med dykk Mette Marit sine kloke ord: «Ein skal vere ganske modig for å ta i mot hjelp.» Vær modig!

Eg ønsker å sende ei ekstra og varm helsing til dei av dykk som skal på jobb julekvelden, julehelga og nyttårshelga. Tusen takk for at de finns og passer på samfunnet vårt døgnet rundt medan dei fleste av oss tar juleferie.

Eg vil få ynskje alle innbyggjarar, liten og stor, ei fredeleg og velsigna jul.

Ta vare på kvarandre og ver rause med kvarandre!

Hilde Enstad

Ordførar