Kjære kvinnheringar!

Det nærmar seg jul og truleg  feiring etter gamal tradisjon for dei fleste av oss. Sjølv om vi på mange måtar er like, er det når vi gjennomfører dei årlege rituala i heimane vi forstår at vi er litt ulike likevel. For nokre er det «Tre nøtter til Askepott» eller «Grevinnen og hovmesteren» som er det viktigast for å komme i julestemning, for andre er det eimen av pinnakjøt på kok som brer seg i huset som må til. For mange er det å gå til kyrkje og bli minna om kvifor vi feirar jul som er det finaste i heile jula.

Uansett så synast det som om det er lukt, syn og hørsel som gjer at jula blir jul for dei fleste av oss. Ikkje ting. Ikkje gåver. Det er møte mellom menneske, familiar som samlast, eller at nokon inviterer inn ein som ikkje har så mange rundt seg. Jula  handlar om hjerterom og glede, om å vere saman og om å kjenne på fellesskap.

Jula i år vert likevel annleis. På same måte som jula i fjor vart det. Koronapandemien ligg framleis over oss som ein dyster skugge. I fjor var vi førebudde på at det vart koronajul. I år derimot var det nok mange, slik som eg sjølv, som kjende alvor og mismot senke seg når regjeringa på nytt måtte legge begrensningar på kor mange som kan samlast i heimane i jula. Smitten spreier seg raskare, det er eit spørsmål om tid før vi får registreret vårt første tilfelle med omikron i vår kommune. Vi har allereie hatt smitteutbrot i fleire av bygdene i haust. Heldigvis har innbyggjarane våre vore eksemplariske og gjort stor innsats for å unngå omfattande smittespredning. Tusen takk for innsatsen og for at de føl tilrådingane som kjem frå regjering og helsemyndigheter.

Med dei nye tiltaka måtte vi på nytt tole arbeidsplassar som må stengje ned og sjå mange som blir permitterte. Mange er usikre på framtida med ein pandemi som herjar over kloden og straumutgifter som skyt i veret. Eg vil gjerne få sende ein varm tanke til dei av dåke som har det vanskeleg no.

I året som har gått er det mange eg vil takke for jobben dei gjer på vegne av, og for alle som bur i Kvinnherad. Alle som jobbar i oppvekstsektoren, alle dei som passer på at borna våre får ein god oppvekst slik at dei, når dei blir vaksne, kan tenke tilbake på ein innhaldsrik og fin barndom. Det er blant anna denne innsatsen som gjer at disse borna vil bu her, eller vil komme heim igjen etter å ha teke utdanning. De som tar ansvar for borna sitt ve og vel, tusen takk!

De som passer på at vi har vatn, vegar, gode kommunale bygg. De som har ansvaret for å vedlikehalda eigedommane våre og ikkje minst dei som gjer det daglege vedlikehaldet, reinhaldarane. Alle de som gjer ein innsats som vi ikkje alltid ser, tusen takk!

Takk til alle som jobbar i helsesektoren, alle de som til dagleg tar vare på oss eller hjelper oss til betre helse! Så vil eg likevel få lov til å rette ei spesiell og ektefølt varm helsing til alle dei som skal stå til teneste for oss gjennom jule- og nyttårshøgtida. Då tenker eg på dei som skal på vakt dagar, kveldar og netter julaftan, i romjula og nyttårshelga. Hjarteleg takk for at de er der!

Så vil eg minna oss på at Kvinnherad for første gong på mange år fått ein kvinnhering på Stortinget. Det er fantastisk for kvinnheradsamfunnet å ha ein av våre eigne på tinget, eg meiner det er undervurdert kor viktig det er å ha personar med lokalkunnskap der dei store avgjerslene  vert tekne. Eg har lyst til å gratulere Hans Inge Myrvold med stortingsplassen og ynskje han lukka til med oppgåvene der. Han kan førebu seg på at vi kjem til å ta hyppig kontakt og at vi har store forventningar til han!

Til slutt vil eg få ynskje alle innbyggjarar, liten og stor, ei fredeleg og velsigna jul!

Ta vare på kvarandre og ver rause med kvarandre.

Beste helsing

Hilde Enstad

Ordførar