Korleis er arbeidsmarknaden i Kvinnherad og Sunnhordland? 
Kvinnherad er ein del av Region Sunnhordland og Bu i Sunnhordland er eit regionalt samarbeid med næringsliv og kommunar i Sunnhordland. Det skal gi deg som er på leit etter din første jobb eller ny jobb kunnskap om kvifor velje Sunnhordland. Ein grøn region i omstilling, med eit spennande næringsliv. Der kan du få hjelp til å knyte nødvendig nettverk og bli kjent med regionen. 

Jobb i kommunen? 
Kvinnherad kommune treng fagfolk innan mange område. 

Du kan sjå kven vi er på jakt etter akkurat no: LEDIGE STILLINGAR I KVINNHERAD KOMMUNE
På NAV sine nettsider kan du også finna andre ledige stillingar i Kvinnherad

Starta eiga bedrift i Kvinnherad? 
Kvinnherad næringsservice er ein medlemstyrt organisasjon som skal ha hovedfokus på næringsutvikling og service/rådgjeving til medlemmene. Ei anna viktig oppgåve er rådgjeving til etablerarar. Her er andre ordningar nyetablerarar kan nytta seg av