Jenter frå Kvinnherad skal på tokt med  galeasen Gurine fredag den 22. oktober.  
Dette blir ein spennande og morosam dag på Hardangerfjorden, -ein seilas der mestring, mot og ansvar for eige liv står i sentrum for ein super dag på sjøen. 

Å stå ved roret og styre ein stor, flott galeas, for fulle seil, er stas, og vil kanskje vere flott meistring. Meistring, mot og moro skal vere ein del av denne seilasen, for og med jenter og ikkje minst – for årets TV-aksjon!

Informasjon:

Kvar:
Seilasen startar og endar i Rosendal. Det er lett å kome til og det er rimeleg gode parkeringstilhøve. Tide buss kan frakte folk frå sentrum til båthavna/kaja. Rosendal er og havna til Gurine, og her er det godt lagt til rette for TV-aksjonen.

Kaffi på kaia:
Det blir servering av kaffi, saft og vaflar, og det blir mogelegheit for å gi til TV-aksjonen. Dei frammøtte får sjå at Gurine legg frå kai og dreg ut på tokt, og at ho kjem heim, legg til kai igjen. Møt opp på kaja i Rosendal på fredag den 22. oktober, og bli med på TV-aksjonen. Seglinga er for utvalde jenter, men alle er velkomne til kaffi og vaflar på kaia i Rosendal, til TV-aksjonen 2021, til inntekt for Plan Internsjonal og temaet "Barn, ikkje brud".

Skyss med Tide Buss:
Dei jentene som er med på seilasen, og som har familie som vil vere med til Rosendal, får gratis skyss. Tide Buss set opp eigen buss til dette føremålet på fredag den 22. oktober.

Media – NRK Vestland TV:
TV-aksjonen 2021 er sundag den 24. oktober på NRK. NRK Vestland blir med på seilasen med Gurine og jentene på fredag den 22. oktober, filmar og lagar intervju. Dette blir sendt på NRK Vestland på syndagen, på sjølve aksjonsdagen, og kanskje på NRK – TV-akjsonen,  for heile Norge. Og så blir lokalavisene våre med på seilas med jentene, og lagar artiklar om segling på fjorden med Gurine. 

Samarbeid:
Dette er eit samarbeid mellom Kvinnherad kommune og Galeas Gurine, Folgefonnsenteret og Tide Buss. Jentene fer på tokt med Gurine, får vere med å føre ei stor skute, på segling på fjorden.
 

Gurine Foto Bjarne Øymyr.jpg
(Foto: Bjarne Øymyr)

Velkomen til ein spennande dag på kaia i Rosendal, for jenter og for TV-aksjonen 2021!

 


Tv-aksjonen 2021 – barn, ikkje brud

hovedlogo_rgb.jpg