Det vert open dag på Husnestunet 26.09, Rosendalstunet 27.09 og på Halsnøytunet 28.09 i tidsrommet 11.30-13.30.  

Arrangementet blir i kantineområda på alle tre lokasjonane. 

På arrangementet vil det vera fleire einingar til stades som er viktige samarbeidspartnarar – mellom anna heimetenesta, høyrselskontaktane, vurderings- og koordineringskontoret, aktivitet og rehabilitering, brann og redning og tannhelsetenesta.  

Med open dag ynskjer sektoren å dela informasjon om tenestene, og fortelja om utviklingsarbeid som det vert jobba med.  

Det vert fokus på korleis ivareta eiga helse og kunna bu trygt og lengst mogleg i eigen heim. Det vil òg bli omvising på tuna. 
Alle tuna vil ha kaféområde der det blir servert kaffi og vaflar. 

Sektorleiar for omsorg, helse og sosial opnar arrangementet med å ynskja velkomen og det vil vera musikalske innslag.  

Velkomen!