Kommunen er i gong med arbeidet med ny samfunndel og ny arealdel til kommuneplanen, samstundes som arbeidet med kommunedelplan for næring og kommunedelplan for landbruk er i gong.
I den forbindelse ynskjer Kvinnherad kommune å invitere til to møter med tema Landbruk og Næring.
Bruk høvet til å kome med innspel.
Det vert 2 møter med fokus på ulike tema:
Torsdag 2. mai: LANDBRUK
Stad: Rosendal, kommunestyresalen på Rådhuset
Klokkeslett: 19:00-21:00
Inspirasjonsinnlegg m/gardbrukar Marianne Nordhus
Presentasjon av status landbruksplan
Tysdag 7. mai: NÆRING
Stad: Husnes, Kulturhuset
Klokkeslett: 19:00-21:00
Inspirasjonsinnlegg m/ samfunnsutviklar Alf Helge Greaker, Bømlo kommune
Presentasjon av status næringsplan
Program for kveldane:
19:00 Velkomen v/ordførar
Avdeling for samfunnsutvikling i kommunen presenterar planarbeidet
Framlegg om status landbruksplan og næringsplan
Inspirasjonsinnlegg
Innspel og diskusjon
Oppsummering
Enkel servering
Vel møtt
Kvinnherad kommune v/Seksjon for kultur, næring og utvikling