Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.
Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:
- Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ
- Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen
- Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerslemyndigheit for saka dokumentet gjeld
Vilkår
Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg grad saker av ein bestemt art.
Pris
Kommunen kan krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Da kan det krevjast ei krone per ark utover 100 og betaling for heile utsendinga. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar.
Rettleiing
Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på sendar eller mottakar av dokumenta. Når du har funne fram til eit dokument som du vil bestille, kan du krevje innsyn, skriftleg eller munnleg. Kommunen har også plikt til å hjelpe deg å finne dokument gjennom arkivsystemet.
Saksbehandling
Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan éin til tre virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen tok imot kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.
Klage
Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har teke imot kravet. Dette blir då rekna som eit avslag.
Klagen skal avgjerast så raskt som mogleg. I tilknyting til klagebehandlinga kan Statsforvaltaren også bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.