Bøssa kom truleg vekk seint fredag 21. eller tidleg laurdag 22. oktober. Etter internasjonal kulturfest i festsalen i kulturhuset vart det sett ei innsamlingsbøsse i kinokiosken som kinogjester kunne putta pengar på. Laurdag føremiddag vart det oppdaga at bøssa var borte. Om nokon har teke vare på bøssa ønskjer den lokale TV-aksjonskomiteen å koma i kontakt med dei.