Det kan vere tiltak knytt til barnet sjølv, til barnet sin familie eller til forhold i barnehagen (sjå tabell 1, under "Skulefråværet sin funksjon" under teoridelen). Det har då vore ein gjennomgang av nærværet etter kartlegginga i barnehagen, og ein har sett at nærværet er så lågt at ein ønskjer å gjere noko med det.

Det kan òg hende at ein registrerer at barnet er borte meir enn 5 dagar samanhengande utan at ein kjenner årsaka. Då kontaktar ein foreldra og avklarar det manglande nærværet, og korleis det påverkar barnet sosialt, og i høve utvikling og læring.

Nivå 0

Nivå 0 i BTI-modellen seier at ein ved uro for t.d. manglande nærvær skal kontakte eigen leiar, og at avdelingsleiar ber om ein samtale med foreldra. Ein avklarar om det er ei uro som bør følgjast opp, eller om nærværet vil betre seg utan vidare oppfølging.

Nivå 1

Nivå 1.
Når ein på nivå 0 ikkje har funne avklaringar og framleis er uroleg rundt manglande nærvær skal det takast opp i møte med føresette. Ein finn fram til aktuelle tiltak, og blir einige om korleis og kor lenge dei skal prøvast ut.

Dersom tiltak vert sett i verk og evalueringa ikkje viser positivt endring bør ein få samtykke til samhandling med andre instansar. Det vil ofte vere aktuelt å få samtykke til å kunne starte ein stafettlogg. I evalueringsmøtet vert ein einige om kva tiltak som er aktuelle vidare.

I kartlegging av situasjonen kan ein nytte skjema i BTI.

 

Nivå 2

Nivå 2.
Når ein er einige om vidare tiltak vert det kalla inn til møte med dei foreldra og barnehagen ønskjer støtte frå.

PPT/ barnehageteamet kan ved behov gi rettleiing til avdelinga om miljøtiltak.
PPT kan ved behov gjere sakkunnig vurdering.
Familieteam kan bidra med samtalar med foreldrerettleiing.
Helsestasjonen kan ha tettare oppfølging av familiar i risiko.

I samarbeidsmøte på barnehagenivå med foreldre og ulike instansar kjem ein fram til ulike tiltak for utprøving heime og i barnehagen, og kva andre instansar skal bidra med.

Det vert sett ei tid for når tiltaka skal evaluerast og nytt samarbeidsmøte finne stad.

Nivå 3

Nivå 3.
Fleire tiltak er prøvd ut med lite eller ikkje resultat.

Fråværet er omfattande, men treng ikkje å ha vart lenge.

Nye instansar som kan vurderast å involvere er barnevern og spesialisthelsetenestene.

Det bør opprettast regelmessige samarbeidsmøte.