Nivå 0

Nivå 0 i BTI-modellen seier at ein ved uro for t.d. høgt fråvær skal kontakte eigen leiar, og at kontaktlærar ber om ein samtale med foreldra. Ein avklarar om det er ei uro som bør følgjast opp, eller om nærværet vil betre seg utan vidare oppfølging.

Nivå 1

Nivå 1. Når ein på nivå 0 ikkje har funne gode løysingar og framleis er uroleg bør fråværet takast opp i møte med foreldra og ressursteam, og ein bør saman finne fram til tiltak som må prøvast ut.
Dersom tiltak vert sett i verk utan positivt resultat bør ein få samtykke til samhandling med andre instansar. Kva instansar som skal involverast bør drøftast i ressursteam.

Tiltak på nivå 1 kan vere:
- Samtale med barn/ ungdom og foreldre.
- Utforsking av motivasjon og meistringsoppleving.
- Gjennomgang av rutinar for søvn.
- Samarbeidsavtale om tett dialog mellom skule og heim.
- Avtale evaluering i løpet av relativt kort tid.

Nivå 2

Nivå 2. Når det ikkje skjer endring gjennom arbeid på nivå 1, går ein vidare i eit tverrfagleg samarbeid mellom ulike kommunale tenester, føresette og barn/ unge for å løyse utfordringa. Skulen har då fått nødvendige samtykke til samhandling, og ein bør vurdere å starte logg.

Tiltak på nivå 2 kan vere:

  • Det kan vere ein god start å bruke prosedyren for pedagogisk analyse i arbeidet. Denne ligg som vedlegg 1.
     
  • Det kan nyttast eit kartleggingsverktøy for å få betre forståing av eleven sine utfordringar. Her ligg kartleggingsskjemaet SRAS som eit døme i vedlegg 2.
     
  • Rosendal ungdomsskule har utvikla ein analyse og aktivitetsplan som kan nyttast. Sjå vedlegg 3.
     
  • Samarbeidsmøte på skulenivå med foreldre, gjerne barnet/ ungdomen og ulike instansar. Ulike tiltak for utprøving heime og på skulen vert foreslått.
     
  • PP-tenesta kjenner gjerne til eleven frå barnehage og barneskulen, og har ofte vore inne og støtta i arbeidet rundt eleven på desse arenaene. Dette er kunnskap som kan vere til nytte.
    PP-tenesta kan bidra med ulik kartlegging i det førebyggande arbeidet, og i det sakkunnige arbeidet. Kartlegging av:  
    -Det sosiale i klasserommet; elev-lærar relasjonar, samtale med eleven, samtale med foreldre, samtale med lærar,  
    -Kartlegge rundt struktur og regler, korleis læraren skapar føreseielegheit og tryggleik 
    -Kartlegge læringskulturen i klasserommet 
    -Observere og kartlegge korleis lærar arbeider knytt til motivasjon og forventningar 
    -Kartlegging innan spesialpedagogiske fagområde som ADHD, autisme, lese/skrivevanskar, matematikkvanskar, språkforstyrring, utviklingshemming 
    -Samtale med eleven, samtale med foreldre, samtale med kontaktlærar og andre vaksne rundt eleven.  
    -PPT kan med sitt “utanifråblikk” hjelpe skulen/læraren å bli merksam på dei skjulte sosiale relasjonane som kan påverke eleven. 

    Informasjonen i kartlegginga er grunnlag for veiledingssamtalar med skulen og foreldra, og sakkunnig tilråding om det er trong for det.
     
  • Skulehelsetenesta kan vere med i kartleggingsarbeidet ved høgt fråvær. Kjenner ofte familiane gjennom tidlegare konsultasjonar og kan nytte denne kunnskapen i kartleggingsarbeidet. Skulehelsetenesta kan vidaretilvise eller sjølv gje vegleiing til foreldre ut frå kompetansen til den einskilde helsesjukepleiar og vurdering av alvoret i saka. Skulehelsetenesta skal berre ta på seg foreldrerettleiing som er kortvarig. Dersom ein ikkje ser rask endring skal tenesta tilvise vidare til familieteamet for PMTO eller anna rettleiing. Helsesjukepleiar vil ofte ha innsikt i utfordringar barn har som pårørande til søsken og foreldre med ulike sjukdomar. Dette kan vere ein nyttig kompetanse å bidra med i skulen si breie kartlegging av ein elev sitt fråvær. Dersom ein i kartlegginga konkluderer med at barnet/ ungdomen treng individuell vurdering og oppfølging vil helsetenesta ofte be om støtte frå skulelegen, og tilvise til familieteamet i kommunen eller spesialisthelsetenesta. 

Tekst i figur: Ungdomslos følgjer opp ungdomar tett

  • Ungdomslos kan bidra med individuell oppfølging etter tilvising; sjå vedlegg 4.
    Dette er ei lita teneste (1 kommunal og 1 statleg prosjektstilling) som også er ein del av Ungdomsteamet i kommunen. Ungdomslos har høve til å følgje opp ungdomar tettare enn andre tenester i eining Barn og familie. Hovudverkemiddelet til denne instansen er å etablere gode relasjonar til ungdomane, prøve å få dei med i eit aktivt ungdomsmiljø, og leite etter aktivitetar som kan inkludere dei i samfunnet. Det er eit mål at desse tiltaka på sikt skal føre til at ungdomen kjem tilbake til skulegang, men dette er sjeldan det første ein tek fatt i. 
    Ungdomslos skal ha få ungdomar dei føl tett opp, og kan bruke mange ulike arenaer i sitt arbeid. Dersom ungdomen og familien er motivert for et kan ungdomslos vere med å hente ungdomen frå heimen til skulen i ein kortare overgangsperiode. 
     
  • Familieteamet bidreg etter tilvising frå foreldre, barnehage/ skule eller andre. Tilbodet er alltid frivillig både for foreldre og barn/ unge. Det skal vere gjort ei kartlegging av skule og ressursteam før skulen tilviser til familieteamet på grunn av skulefråvær. Familieteamet har spesialkompetanse på foreldrerettleiing og på individuelle samtalar med barn og unge med psykiske vanskar. Denne instansen vil og kunne tilvise spesialisthelsetenesta ved behov for tiltak ut over eigen kompetanse.  

Nivå 3

Nivå 3. Fleire tiltak er prøvd ut med lite eller ikkje resultat.
Fråværet er omfattande, men treng ikkje å ha vart lenge.

Nye instansar som kan vurderast å involvere er barnevern og spesialisthelsetenestene.

  • Gjennom ulike signal frå rettsvesenet er det gjort klart at skulefråvær i seg sjølv ikkje er tilmeldingsgrunn til barnevernet. Barnevernet høyrer til på nivå 3 i BTI modellen og andre tiltak skal derfor vere prøvd først. Dersom ein mistenker at barn eller unge er utsett for overgrep eller vald skal ein likevel vende seg direkte til barnevernet. 

Dersom ein har arbeidd med tiltak i skulen og på nivå 2 i handlingsrettleiaren i BTI, og ikkje ser ei positiv utvikling, bør ein vurdere om fråværet kan ha samanheng med omsorgssituasjonen til barnet. Ein har bør då involvere barnevernet i arbeidet for å få ei så brei vurdering som mogeleg. Barnevernet kan følgje heimen tett opp, og er den einaste kommunale instansen som har høve til å pålegge føresette tiltak. 

Tekst i figur: På nivå 3 bør det etablerast regelmessige samarbeidsmøter

Ein held fram det tverrfaglege arbeidet. Det bør opprettast regelmessige samarbeidsmøte over noko tid.

Alternative skulearenaer vert prøvd.