Etter ei omvisning på Hydro gjekk turen til Husnesparken der kommunen fekk nye utemøblar i gåve. Møblane er produsert av Vestre, og CEO Jan Christian Vestre overrekte gåva saman med konsernsjef Hilde Aasheim og fabrikksjef Johan Berg.
Hydro overrekte gåve til kommunen
Fornøgde: ordførar og kommunedirektør testa gåva frå Norsk Hydro - utemøblar som vil skapa gode sosiale møteplassar rundt Opsangervatnet. Foto Marius Nissestad/Grenda
I samband med at Hydro no er tilbake i full drift, vart ordførar og kommunedirektør inviterte til markering i går. Konsernleiinga og andre gjestar var òg til stades.