– Dette er ein stor dag for Kvinnherad, Sunnhordland og Hardanger. Me melder oss no offisielt på i kampen om å få ein potensiell storskala batterifabrikk lagt til Husnes. Dette er heilt i tida, og i vår ånd som ein industriell kommune, og som ynskjer å ta del i det grøne skiftet, seier ordførar Hans Inge Myrvold.
Hydro, Equinor og Panasonic har planar om å etablere ein storskala batterifabrikk i Noreg, og har bedt om innspel på aktuelle stader som er eigna til det. Dei må ha tilgang til store areal, betydeleg fornybar kraft og kompetent arbeidskraft. Det er også viktig med ein effektiv og mest mogleg berekraftig logistikk av råvarer inn, og ferdigproduserte batteri ut til kundar i Europa. Etableringa av fabrikken er estimert til å gi 2000 direkte arbeidsplassar.
På vegner av regionane Sunnhordland og Hardanger sitt forslag, sendte Kvinnherad kommune i dag forslag om at Hydro, Equinor og Panasonic vurderer Husnes som lokasjon for sin batterifabrikk. I vårt prospekt vil vi vise at vi oppfyller alle krava som er sett, og litt til:
- Hydro Husnes har ledig areal
- Meir enn nok grøn kraft
- Store moglegheiter for synergi med etablert industri
- I tråd med berekraftig industrisatsing med Grøn næringspark Kvinnherad (GNP)
- Eksportmoglegheit frå etablert kai
- Moglegheit for utviding av industriareal i fleire trinn
- Regionsenter Husnes, Stord og Odda innan om lag 1 time
- Plassert midt i industriaksen Sunnhordland-Hardanger
- Sterk region med tung industriell kompetanse og erfaring
Kvinnherad, Sunnhordland og Hardanger syner med dette at vi ynskjer å nytte vasskrafta vår til ei ny, grøn industrireising på Vestlandet, og med dette også vil bidra til å elektrifisere bilparken i Europa.