Kvinnherad har vore ein kommune der skogbruket har hatt stor betydning opp gjennom tida. Frå Skottehandelen via oppgangssag til båtbygging og til i dag der grana står for tyngda av aktivitet i skogbruket. Det har gjennom tida blitt utarbeidd mange planar for skogbruket i Kvinnherad, frå skogreisingsplan i 1955, til oversiktsplan skogbruk i 2001.

Det er i mars 2018 registrert kring 220.000 meter skogsveg i kommunen. Frå skogreisinga starta etter krigen og til i dag, er det sett ut mellom 15 og 20 millionar planter på kring 60.000 dekar. Vi kan grovt rekne at kulturskogen i Kvinnherad veks med om lag 40 til 60.000 kubikkmeter kvart år. Dette har ein førstehandelsverdi på 16-25 millionar kroner, men reknar ein samfunnsverdi kan ein 12-dobla talet til om lag ein kvart millionar per år.

Mykje av skogen skal hoggast dei næraste 10 til 20 åra. I samband med dette, er det stor trong for veg til skogen. Hovudplan for skogsvegar viser dei områda i kommunen der behovet er størst og mest påtrengjande i perioden mellom 2013 og 2025.

Hovudplan_skogsvegar.jpgHovudplanSkogsvegar2013_2025.pdf

 

Det har gjennom åra blitt bygd mykje veg i skogen i kommunen, ikkje minst som følgje av store stormskadar tidleg på 90-talet. Desse vegane, i lag med tømmerkaiane, sikrar at vi får levert tømmeret ut til dei marknadane som er tilgjengelege. Store delar av skogsvirket frå Kvinnherad vert eksportert til andre delar av landet. Lokalt er det fleire brukarar av skogsvirket. Trelasten as på Sandvoll er den største einskildbrukaren. Etter kvart er det fleire som kjøper massevirke til bioenergi, totalt er det trong for om lag 2000 m3 til desse flisanlegga, i tillegg til ein stor del ved til eige bruk og til sal.

Hovudplan for skogsvegar skisserar ei trong for 46 kilometer ny veg i skogen i Kvinnherad. Dette vil løyse ut om lag 12.500 dekar kulturskog med 600.000 kubikkmeter skog som er hogstmoden i løpet av planperioden. Verdien for AS Noreg vil vere kring 2,5 milliardar norske kroner, med ein ørstehandelsverdi på kring 210 millionar norske kroner.

Skogsveg og tømmerTømmerkai

Foto: Tore Eik