Formannskapet i Kvinnherad vedtok 24.03.2022, sak 2022/27, at forslag til Samfunnsdel Kvinnherad 2050, vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14.

Frist for merknadar til planframlegget vert sett til seks veker frå kunngjeringsdato.
Fram til utsending og utlegging har kommunedirektøren gjort tekniske tilpassingar og visuelle endringar som ikkje endrar planframlegget sitt meiningsberande innhald.

Innspela frå verkstadmøte i utval for Plan, teknikk og miljø og formannskapet 23.03.22 er arbeidd inn i samfunnsdelen i tråd anbefalingane i vedlegg «Rapport frå verkstadmøte KPS 23.03.22 med løysingsforslag».

Om samfunnsdelen

Kommuneplanen sin samfunnsdel er verktøyet for kommunen si heilskaplege planlegging, både for Kvinnherad som samfunn og kommunen som organisasjon. Viktige utfordringar skal trekkast fram, og samfunnsdelen skal synleggjere dei strategiske vala kommunen tar for framtida. Vidare skal samfunnsdelen innehalde mål (kor skal vi?) og strategiar (korleis gjer vi det?). 

Desse måla og strategiane er styrande for alle andre kommunale planar.

Hovudmål Kvinnherad 2050 er sortert i perspektiva Grøn, Frisk og Attraktiv:

hovudmål samfunnsdel.jpg

Om prosess:

  • Kvinnherad kommunestyre vedtok planoppstart i møte 22.03.2018 for både Kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel.  
  • Arbeidet har administrativt vore organisert i ei prosjektgruppe leia av plankontoret i kommunen. Prosjektgruppa har knytt til seg fagkompetanse frå ulike fagområde i organisasjonen når det har vore nødvendig. 
  • Styringsgruppe har vore formannskapet, og koordineringsgruppe har vore leiargruppa i kommunen, med kommunedirektøren sitt leiarforum som referanse. 
  • Kommunen deltok 29.05.2018 i planforum med planprogram under utarbeiding, og det vart  22.11.2018 sett ned ei politisk arbeidsgruppe for dette arbeidet. Gruppa bestod av alle medlemmene i formannskapet. 
  • Planprogrammet vart behandla første gong 06.12.2018. Planprogrammet vart deretter sendt ut på høyring i perioden 10.12.2018 til 10.02. 2019. 
  • 13.03.2019 vart høyringsmerknadar gjennomgått i politisk arbeidsgruppe.  
  • Formannskapet behandla revidert planprogram 09.05.2019, og kommunestyret fastsette planprogrammet endeleg 23.07.2019. 
  • Innspelsperiode vart organisert mellom 22.05.2019 - 31.10.2019,  og det vart gjort påfølgjande medverknadsarbeid mellom vår 2019 og haust 2019. 
  • Arbeidet bestod mellom anna i;  arbeidsverkstad med leiarar og politikarar, gjestebod, møte med akvakulturnæringa, folkemøte/temamøte, bygdemøte med meir. 
  • Prosjektgruppa presenterte planframlegget for samfunnsdelen  i planforum 28.09.2021, der det også deltok politikarar frå kommunen. Ein fekk der litt tilbakemeldingar og måtte mellom anna arbeide meir med arealstrategiar. 
  • Ei utvida prosjektgruppe har deretter arbeidd fram det endelege forslaget til samfunnsdel.
  • Det vart halde arbeidsverkstad 23.03.2022 med i utval for Plan, teknikk og miljø, formannskapet og administrasjon.

 

Samfunnsdelen finn de i Framsikt.

Sjå også her vedtaket med saksutgreiing, Samfunnsdelen og rapport frå arbeidsverkstad.

Frist for merknadar til planforslaget er minst 6 veker, og er sett til 13.05.2022.

 

Eventuell uttale skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Ta kontakt ved spørsmål: post@kvinnherad.kommune.no